Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 288

  1. Kvifor har personvernforordninga frå EU status som norsk lov?

    Personvernforordninga er teken inn som vedlegg til personopplysningslova av 2018 og er derfor norsk lov. Forordninga gjev derfor norske borgarar plikter og rettar. EUs forordningar er lover som gjeld direkte for EU-borgarar. Sidan Noreg ikkje er medlem av EU, må forordninga vedtakast som norsk lov for å få direkte verknad for norske borgarar.

  2. Kva er grunngjevinga for og føremålet med personvernforordninga?

    EU er basert på «dei fire fridomane». Det vil seie fri rørsle av varer, tenester, personar og kapital. Personvernforordninga skal styrkje personvernet til den einskilde og vil gje økonomiske fordelar ved at forbrukarane får større tillit og sterkare vilje til å kjøpe varer og tenester over internett og over landegrensene.

  3. Kva unntak gjeld frå personvernforordninga?

    Personvernforordninga gjeld ikkje når anna er bestemt i lov eller i samsvar med lov, jf. personopplysningslova § 2 første ledd andre punktum.

    Eit døme er åndsverklova § 104 om retten til eige bilete (fotografi). Denne føresegna gjev noko større høve til å publisere bilete enn det som berre følgjer av personvernforordninga. Eit anna døme er reglar i arbeidsmiljølova kapittel 9 om vilkåra for arbeidsgjevaren sin rett til å innføre kontrolltiltak i verksemda, til dømes kameraovervaking av arbeidsplassen eller innsyn i e-posten til dei tilsette.

    Det følgjer av personopplysningslova § 2 første ledd bokstav a at lova ikkje gjeld ved behandling av personopplysningar som ledd i reint personlege eller familiemessige aktivitetar. Lova gjeld til dømes ikkje for ein som samlar opplysningar i ei privat adressebok. Lova gjeld heller ikkje når opplysningar blir delte i ei lukka, mindre gruppe av vener eller familiemedlemer på Facebook. Dersom publiseringa går lenger enn å vere ein reint personleg eller familiemessig aktivitet, gjeld lova.

  4. Kva skal til for å oppfylle hovudregelen om samtykke til behandling av personopplysningar?

    Artikkel 6 nummer 1 bokstav a i forordninga bestemmer at samtykke frå den registrerte kan vere behandlingsgrunnlag. Samtykke er nærare definert i artikkel 2 nummer 11.

    Med samtykke frå den registrerte er dette meint: «enhver frivillig, spesifikk, informert og utvetydig viljeserklæring fra den registrerte der vedkommende ved en erklæring eller en tydelig bekreftelse gir sitt samtykke til behandling av personopplysninger som gjelder vedkommende». Eit samtykke må derfor vere så klart og tydeleg at det går fram kva det blir gjeve samtykke til.

  5. I kva for tilfelle er samtykke ikkje nødvendig?

    Samtykke er ikkje nødvendig når eit av grunnlaga i artikkel 6 nummer 1 bokstavane b–f ligg føre.

    Bokstav b: nødvendig for å oppfylle avtale

    Eit typisk døme er ein forbrukar som bestiller ei vare eller teneste på nettet og oppgjev namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse som leverandøren treng for levering og kommunikasjon.

    Bokstav c: nødvendig for å oppfylle ei rettsleg forplikting

    Ei rettsleg forplikting som nærast alle verksemder må oppfylle, er plikta til å føre rekneskap og rapportere opplysningar til skatteetaten, foretaksregisteret, Statistisk sentralbyrå osv. Dessutan er verksemder som har tilsette, forplikta til å rapportere opplysningar om tilsette til skatteetaten og Nav. Andre døme er bankar som må rapportere om kundar sine bankkontoar, og aksjemeklarar som må rapportere om kundane sine kjøp og sal av aksjar og andre verdipapir.

    Bokstav d: nødvendig for å verne vitale interesser

    Med vitale interesser er det sikta til interesser som er knytte til liv, død og alvorleg helsefare. Dette behandlingsgrunnlaget er særleg aktuelt i helse- og omsorgssektoren. Det kan til dømes grunngje at eit sjukehus behandlar opplysningar om at ein pasient er suicidal (sjølvmordskandidat) eller valdeleg.

    Bokstav e: nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse

    Ein offentleg skule er ikkje avhengig av samtykke for å behandle opplysningar som er nødvendige for å kunne styre og administrere skulen. Opplysningar om namn, personnummer, adresse, telefon til elev og pårørande er nødvendige for å styre skulen. Det same kan opplysningar om dysleksi og andre lærevanskar vere, sidan det er skulen si oppgåve å gje tilpassa undervisning. Tilsvarande må ein kommune som førebur byggjesaker, kunne behandle personopplysningar som er nødvendige for å avgjere byggjesøknader.

    Bokstav f: interesseavveging

    Behandling av personopplysningar som er nødvendige for dei føremåla den behandlingsansvarlege eller ein tredjepart prøver å oppnå, er lovleg utan samtykke dersom hans eller hennar interesser er større enn den registrerte sitt krav på personvern. Eit typisk døme er at kameraovervaking av ein skulegard kan vere lovleg for å motverke mobbing, sal av narkotika osv., eller overvaking av område der det blir talt eller utbetalt pengar.

  6. I kva for tilfelle kan kameraovervaking vere lovleg utan samtykke frå dei som blir overvaka?

    Kameraovervaking er ikkje gjeve spesialføresegner i personvernforordninga. Overvaking må grunngjevast med artikkel 6 bokstav e eller f.

    Kameraovervaking kan ofte grunngjevast etter artikkel 6 bokstav f, det vil seie ei interesseavveging mellom dei føremåla som taler for overvaking, og dei som taler for personvern. Kameraovervaking av bomstasjonar, trafikknutepunkt og viktige offentlege bygningar blir grunngjevne på denne måten. Overvaking av ein skulegard kan falle i same kategori.

    Kameraovervaking av arbeidstakarar på ein arbeidsplass er regulert i arbeidsmiljølova kapittel 9 som fastset reglar om kontrolltiltak på arbeidsplassen. Ved overvaking av eit klasserom vil overvaking av læraren som tilsett måtte grunngjevast med reglane i arbeidsmiljølova, medan overvaking av elevane måtte grunngjevast med personvernforordninga, fordi elevar ikkje er arbeidstakarar. Resultatet treng likevel ikkje bli annleis.